- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
244

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

244

LÆRAREN

Paiisus (fær ein Tanke). Du Jens, — eg vil beda deg
um ein Ting. Du skal segja henne dette. Du kann
gjera det so mykje linnare. Eg berre busar paa eg;
eg kunde støkkje Vite av henne.

Jens (fornogd). Det skal eg gjera, Paal. So snart me
hev tala saman i Morgo og Tingen er greid, so — —

Paulus (handtek han). Takk, Jens; du er den same greide
Karen som du hev vori. Takk skal du ha; no liter
eg paa det. (Det høyrest stig i Gangen.) Og no fær eg ut
til meg sjølv og tenkje litegrand paa Talen min, —
so eg ikkje skal buse altfor hardt paa. Kom inn til
Helga du, og haldt henne med Lag so lengi. (Dei gjeng

ut Kammersdøri.)

(Folk strøymer inn. Alillom dei fyrste ser ein Tabitha og Evelinde
saman med andre yngre Systrar; desse set seg paa Midbenkine. Eldre Folk,
Mennar og Kvinnur, set seg fremst; yngre Mennar lengst bak.

Lars Nordbraut, gamalt og graa, P e r A a s e, ein litin tett Stabbe med
Dyffelsfrakke og Sylvknappar i Vesten, og G u d 1 e i k, Gut paa eit Par og tjuge,
set seg upp i Benken ved Gronborde. — Stogo fyllest.

Laagmælt Samtale og Kviskring. Der er noko stilt og liksom ventande
yvi Samlingi. Lars Nordbraut gjer seg fyri med aa synast roleg, samtalar
halvhøgt og smilande med Per Aase og andre, som kjem burt-til og helsar
paa han.

Helga og Jen s Eide smøygjer seg inn Kammersdøri og set seg i Sofaen
lengst framme. Straks etter kjem)

Paulus. (Han er roleg og aalvorleg; stryk Helga yvi Haare, daa
han gjeng framum. Stig fram til Grønborde). God Kveld, godt

Folk. Lat os syngje Offerverse vaart: „Offer, Offer
er det store —."

(G u d 1 e i k gjev Tonen. Koralen rert songin cinrøystes og utan Spel.)

Offer, Offer er det store,
løyndomsdjupe Livsens Krav.
Offer! tonar Frelsarorde
yvi Daap og yvi Grav.
Lov er sett for Mann og Møy:
vil du liva. maa du døy!
Vil du vinne Livsens Heppe,
maa du roleg Live sleppe.

Paulus. Ver hjaa meg i Kveld, du som opna Augo
mine, og legg Klaarleik og Kraft i mine Ord, Amen.

Gode Venir. (i „Lesartone".) Hev de den rette Anger
yvi Syndi? Me veit, at heile vaart Liv hev vori ei
einaste lang Lekkje av Synd fraa fyrste Stundi til no;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0254.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free