Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
245
og me veit kor veike og vesalle me er, so at kvar
Tanke, kvar Rørsle i oss er Synd; — hev me
Angeren? Hev me den sanne Syndsvedkjenning? For
utan den kann me aldri faa Del i Naaden.
(I sin vanlige Tone.) Er det kje so eg he v tala til dykk?
Gong paa Gong, og Aar etter Aar? Og maala Syndi
for dykk med alle dei Fargar, Maale aatte? Og de
lika dette. De vart aldri trøytte av aa høyre paa
meg; og de grét og hadde det godt, og kom att kvar
Gong paa nytt, at eg skulde fortelja dykk um Syndine
vaare. (Uro.)
Men tykkjer de at de hev gjengi fram i Kristindom
ved dette? Voks de i Heilagdom ved aa gaa soleis
og klabbe med all denne Syndi, hyggje dykk med
Syndi, aldri bli ferduge med Syndi, gaa her og
liksom breide ho ut og vise ho fram, og kappast um
kven som var den største Syndaren og den beste
Angraren? (Kremting; veksande Uro.)
Var dette Kristindom? Vart der noko av det?
Var det for dette at Gud sjølv steig ned av Himilen
og leid og stridde og døydde, — at me skulde sitja
her og klynke og syte um Syndi og halde lange
Bo-nir liksom Farisæarane? <stut.)
Spyrr deg sjølv. Spyrr deg, um du er sterkare i di
Tru, fastare i din Vilje, heilare i din Hug, reinare i di
Sjæl, eit betre Menneskje enn du var, daa du tok til
med Striden?
(Braadt.) Eg laug for dykk. Eg laug for dykk, Brørar
og Systrar! (Spyrjande Murring; Kremting.)
Det er ikkje Syndine vaare det gjeld. Det er ikkje
Angeren vaar det spyrst um. Kven trur du bryr seg
um Angeren din? (Kremting.) Innbiller du deg, at du
kann angre deg til Naade? Angre deg inn i Himilrike,
liksom du slit deg til ei Dagløn? Du Farisæar, gakk
til Jesus og høyr kva det er han spyrr deg um! (stilt.)
Han spyrr: vil du bli frelst. Og ser han at du vil,
- at du er trøytt av ditt gamle tome Liv og leid av
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>