Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
247
Uppsyn. Men etterkvart hev Hovude hans sige meir og meir ned i Bringa.
Per Aase gjorde som han i Fyrstningi; men er no harm, kvit, kviskrar stundom
heller høgt til Gud I eik. Denne hev heile Tidi stirt storøygd paa Paulus,
fyrst forundra, so uroleg og skræmd; no hev han som fortumla slegi Augo ned.
Naar han sidan lyfter deim, er dei fulle av Undring og Eldhug.
Noko likt ser ein hjaa andre unge, serleg hjaa Evelinde. Tabitha sit
heile Tidi undringsfyllt; mot Slutten av Tala reiser ho seg upp og stend og stirer
paa Paulus med ein vill Eldhug, som ein kann sjaa piner han.)
Ja for dette er Kristindom —: ikkje Ord og
Tale-maatar, ikkje Bot og Bønir; ikkje Syting og Sukking;
heller ikkje er Kristindom mjuke og søte Kjenslur, eller
eit utanpaa-heilagt Liv, eller aa gaa i Kloster og stengje
seg ute fraa Verdi (Eide kremtar samtykkande) eller aa gaa og
gjæte sine Syndir; nei! Kristindom er: aa rive seg laus
ifraa Verdi og fylgje Jesus! det er: halde Lovi som han
gjorde, vera fullkomin liksom han var fullkomin!
(Det gjeng som ein Rykk gjenom Forsamlingi; alle ser forskræmde paa
Paulus; Lars Nordbraut vil reise seg, men gjev det upp.)
Ja det krev han: at me gjev Verdi fraa oss so heilt,
at um det fanst den Ting som batt deg, heldt deg fast,
stygde deg burt, — so maa du ofre det, hogge det av,
rive det ut, var det enn di høgste Kjærleik, ditt fagraste
og beste, ja um det var deg so umissande kjært som
ditt høgre Auga eller di høgre Hand! Alt, alt, Far,
Mor, Syster, Bror, Kone, Barn, Kjærast, Vén, Gods og
Eign, Gard og Grunn, Ære og Ros, Velde og Magt,
Likam og Liv, alt det du elska og livde for, stort eller
lite, godt eller vondt, Synd eller ikkje Synd, og deg
sjølv med, — alt maa du leggje som eit Offer for
Herrens Føtar, so at inkje noko hefter eller hindrar
deg i aa vera hans Mann og gjera hans Verk. Alt du
soleis hev ofra fær du att, so sant han ser du hev godt
av aa faa det att; hundradfoll fær du det att, fyrst her
og so sidan; i det heile vil du med Forundring finne,
at nettupp som du trudde du var ferdug med alt og
berre maatte bu deg paa aa døy, -— so stend du midt
upp i ei ny Verd, ei nyfødd, rik, fager Verd, full av
det du kann elske og liva for; og denne Verdi er di!
midt i di Armod stend du der som ein Konge, sterkare
og friare enn Keisaren av Russland; allting er deg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>