Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
252
LÆRAREN
CürolllS (mjuk, men inn-arg; skjeglar rangøygd til Paulus). Aa, min
kjære Lærar -—- —
Paulus. Du kunde fylle deg heime, naar du endeleg
skal, og ikkje gaa ned-hjaa Maren Doktar og føre
henne au uppi det.
Carolus (angerfull). Sant aa segja so gjekk eg der ned
og vilde høyre um ho hadde noko som eg kunde faa
for Influensa mi; (sukkar svært) aa ja Gud hjelpe oss. Me
er skrøpelege og fattast den Ros–
Paulus. Me fær venja oss av med dette idelege
Misbruk av Guds Namn og Ord, Carolus.
Carolus (forfjamsa).– Kor stend det til med Syster
Johanna i Dag?
Paulus. No stend det godt til. I Kveld vil ho
vera i Paradis.
Var det elles noko i Dag, Carolus?
Carolus (angerfull). Aa, fyrst vilde eg no tala med Dykk
um Synderne mine.
Paulus. Det hev eg ikkje Stundir til i Dag.
Carolus. Aa? — nei eg spaar, De hev so mykje
anna og vigtigare.
Jens. Carolus Magnus er ikkje med. Han veit ikkje
at Kristindomen hev vorti ny sidan igaarkveld.
Paulus. Veit du kva du skal gjera til aa bli kvitt
alle desse Syndine dine? Du skal ofre Gud det kjæraste
du hev.
Carolus (meir og meir utrygg). Det kjæraste eg hev? —
(freistar med ein smil) Det maatte vel vera . . . Son min
det, — hvorso Abraham.
Paulus. Det kjæraste du hev er Latskapen din, Farr.
(C a r o 1 u s raudnar fornærma.) Men de frys Vel ihel i Dag Ut-
paa Kvernhusheidi ? Skal eg sende Ola ut med eit
Lass Torv?
Carolus (mjuk). Aa tusund Takk, min kjære Velgj—
Paulus. Hev de Mat? Du ligg all Dagen og les
„Jules Verne" (bokstavrett); det vert vel kje noko større
Mat av det?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>