- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
253

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

253

Carolus. Eg — arbeider med mi Upplysning–-

Paulus.–og svelt, som andre Filosofar. (Opnar Døri

og ropar ut.) Gurina!

Gurina (utanfyri). Ja?

Paulus. Gjev Carolus noko Mat med seg heim. Og
seg Ola, at han køyrer ut til han no i Kveld med eit
Lass Torv; dei frys ihel der ute.

Gurina. Ja—a.

(Døri att.)

Carolus (nevetakkar). Aa mange, tusund Takk, min kjære
Lærar og —-

Paulus. Snart takka. Farvel, Carolus.

(Carolus bukkande og takkande og forfjamsa ut.)

Jens. Det er slikt du éi paa no, Paal.

Paulus. Han er meir verd enn Gull; Vaarherre hev
sendt meg han til aa øve meg paa i Tolmod.

Jens. Det kann eg tru.

Paulus. Og du Tabitha? Var det noko eg kunde
hjelpe deg med? Korleis hev du det? Du vart klen
for oss igaarkveld.

Tabitha (tatar syngjande og døyvt). Ikkje klen. Aanden dreiv
meg til aa vitne.

Paulus. Ikkje alle Aandir er av Gud, Tabitha.

Du maa agte deg; du er paa den beine Veg til
Fortjoning!

Tabitha (skjelv). Tala, Herre. Dine Ord er Balsam
for mi Sjæl; og endaa naar du tuktar meg, er dine
Ord som Honning for meg; og der er Honning og
Mjølk under di Tunge.

Paulus (ser paa E i d e og rister paa Hovude). D’er mi Skuld
dette. Eg hev ført deg villt, Tabitha. Det var ikkje
helsesamt aa sitja der i desse Bønemøti og eggja seg
upp i aandeleg Vellyst . . . (Strengt.) Du maa vinne yvi
det, Tabitha. D’er berre ein, du skal fylgje og dyrke;
det veit du!

Tabitha. Du vil føre meg.

Paulus. Eg skal føre deg til Jesus. Men so maa
du lyde meg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0263.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free