- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
254

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

254

LÆRAREN

Tabitha. Eg skal lyde deg no og all Tid.
Paulus. Ja du lovar meg det?
Tabitha. 1 alt vil eg lyde deg.
Paulus. Daa skal eg segja deg kva du skal gjera.
Du skal gaa heim og tena og hjelpe dine gamle
Foreldre.

Tabitha. Dei er ugudelege.

Paulus. Det er deira Sak. Du skal gjera ditt; hjelpe
og tena deim og vera ei god Dotter mot deim.
Tabitha. Dei forbyd meg aa gaa paa Bønemøti.
Paulus. Du skal lyde deim i det som i alt. Du
tenar Gud betre med aa kjemme din lame Far enn med
aa sitja og savle i Bønemøti. Les Testamente ditt!
— Veit du kven som er din Næste?
Tabitha. Alle Menneskje.

Paulus. Nei. Dine næmaste er din Næste. Og
dei Gud elles sender deg, og som treng di Hjelp.
Det er din Næste; deim skal du tena og gjera vel
imot. Me skal hjelpe kvar vaar Næste, so vert alle
hjelpte. Og du, Tabitha, hev din Gjerning tydeleg
fyrilagd av Gud; du hev dine gamle helselause
Foreldre.

Tabitha. Dei hatar Jesus. Dei bannar deg.
Paulus. Lat deim hata og banne; du skal signe og
gjera vel. Lat ditt Ljos skine for deim, at dei ser
dine gode Gjerningar; so lærer dei nok aa prise Faderen,
skal du sjaa.

Tabitha (meir og meir liksom vaknande). Eg kann ikkje liva

. . . utan Bønemøti.

Paulus. Segjer du at du ikkje kann gjera Guds Vilje,

- SO vil du ikkje. (Snur seg og gjeng ifraa henne.) Og kva

kjem du daa her etter?

(Arg.) Gaa i Bønemøte. Sitja og hengje og flipe i
Bønemøte. Det skal vera Gudsdyrking. — Naar du
hev høyrt Orde,’ so skal du gøyme det i eit godt Hjarta
og liva etter det; det er aa dyrke Gud. (streng.)
For-stend du meg?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0264.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free