- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
257

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN.

257

og hadde Samanheng med si Rot; men Fanten flyg
rotlaus ikring og raskar til seg noko her og noko der,
og fær kje Samanheng i nokon Ting.

Paulus. Det er soleis med oss au, Farr.

Jens. Aa ja. Men daa han Far vaks upp var
Samanhenge med det gamle ikkje brotin enno. Han vaks
upp i Kulturluft, i eit rolegt Ljos av innvunne og
livs-prøvde Tankar og i ein fast og innvaksin Folkeskikk;
og gjenom Umgang med Bygdefolk og framande fekk
han inn heile den Rikdom av Livskunskap og
Menneskje-kjenskap, som laag uppsamla i Folkeminne og forma i
Sogur og Vers og Ordtak, — kvart Ordtak innhaldsrikt
som ei Bok.

(Det hev vorti myrkt. G uri na kjem med Lampe.)

Paulus. Dette er eg med paa, Jens.

Jens. Eg veit du var innpaa det i gamle Dagar; og
det var her eg tenkte eg skulde finne deg att no.

Ja for du kann vel vera med paa Politik?

Paulus. Eg hev kje tenkt paa det enno. Riksstell
og Riksstræv og alt dette andre Sakstræv bryr eg meg
so lite um. Men lat meg høyre.

Jens. Veit du kva Grunnen er til, at det vert færre
og færre Kulturmennar som han Far, og fleire og fleire
Halvklokingar som han Carolus? — Grunnen heiter:
den 17de Mai 1814.

Paulus (lær). Det kjenner eg att, Jens. Tenkjer du
enno paa aa bli ein ny Halvor Hoel?

Jens. Høyr no, Paal. Dette hev eg sagt deg fyrr,
og eg hev Bruk for det enno: aldri hev vaar norske
Nationalitet vaksi so rolegt og godt som under
Danske-velde. Dansken var heilframand; han kunde ikkje
gjera so mykje vondt. Og paa Framandvis styrde han,
so at Folke tydde seg saman i seg sjølv Bygd for
Bygd, og livde med seg sjølv og vann fram sitt eigi.
Daa vaks alt dette som dei halvframande sidan hev
laant og umskrivi og kvakla burt og endaa tek Ros
og Ære for: Visur, Sogur, Stev, Leikar, ein norsk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0267.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free