Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
258
LÆRAREN
Tonekunst, ein norsk Fargekunst, — alt livde og vaks
i sitt eigi Samanheng; det framande var berre Bekken,
som silra inn yvi og vatna og friska upp. Det hadde
vorti ein fullvaksin norsk Kultur av dette, um ikkje
Svensken hadde prakka paa oss dette 1814; men
daa vart alt avbroti; det framande kom som ein
Braa-flaum inn-yvi oss og reiv upp heile Folke.
Paulus. Ja.
Jens. Dei som no raar er framande, men ikkje
framande nok! Dei kallar seg norske og fær oss til aa
tru at dei er norske; og so gjev me oss til aa herme,
og slepper og gløymer det som vaart er. Snobbing
og Jaal sprengjer all Smak, all Stil, all Sans for det
ægte, so at no er inginting gildt utan Krambugods og
Fabrik-jugl, og inginting fint utan det som lugtar Gate.
Det er dette me maa reise oss imot.
Paulus. Ja Bygdepolitikus er eg; so mykje veit
eg visst.
Og no kunde eg kanskje vera med deg paa aa leggje
Lande inn under Svensken.
Jens. Svensken kjem nok, Paal, — eller Russen,
eller andre Røvarar . . . Alt ærlegt Framandstyre vil
vera likare enn dette Halvframandvelde, som med sin
rotlause og stillause Halvkultur amerikaniserar Lande.
Men fyrst gjeld det aa mure Dam mot den Flaumen,
eg nemnde. Og til det treng me ein sterk og fast
Fylking av Bøndar.
Paulus. Daa skal du slaa Lag med Lars Nordbraut,
Jens. Han vil au reise ein Bondefylking; og han hev
meir Magt i Bygdine enn eg.
Jens. Lars Nordbraut er ein Tosk. Han segjer:
upp med Bonden, men forstend ikkje det nationale,
endaa dette er det einaste som kann gjeva Bonden
Rett til aa taka Magti.
Paulus. Magti?
(Reiser seg.)
Jens. Bøndane maa ha Magti. Men skal det ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>