Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
259
bli som med Vinstre og Moderate, at Bøndane berre
er Statistar, og soleis hjelper til med sin eigin
Undergang, so maa Bonden ha Førarar. Av sine eigne,
meiner eg. Me Bondestudentar maa heim-att. Me
maa setja oss til rundt i Bygdine og vera den nye
Bondeadelen som no trengst. Den vanlege Bonden hev
vorti Plebei; han hev gløymt Traditionane og held alt
sitt for simpelt; men ein Flokk Plebeiar vann aldri eit
Slag. Du er ein av Fyrigangsmennane paa denne
Kanten, Paal, og deg maa eg ha med meg. Men daa
maa du ikkje gjera deg ufør. For ei so stor Sak maa
du kunna „ofre" — ei Grille, Paal.
Paulus. Eg kunde visst heller, som sagt, vera med
deg paa din gamle Svenskepolitik. For no forstend eg
det: kristin Politik vil i alle Ting vera aa gjeva, —
gjeva, men ikkje krevja. Eg kann ikkje vera med i
ein Fylking som krev Magti.
Jens. Tøv, Paal. All Politik er Strid um Magti.
Paulus. Daa maa eg halde meg ifraa all Politik.
Jens (reiser seg). Skal dette gjelde for Svar?
Paulus. Det er mitt einaste Svar i den Sak, Jens!
— Maa me so skiljast?
Jens (att og fram; tvingar seg). Du, —Tore kjem her i Kveld.
Paulus. Bror din?
Jens. Ja. Vil du kje tala med honom fyrst?
Paulus (giad). Tore vil eg gjerne tala med.
(Det bankar.)
Jens. Der skal du sjaa han er!
(Døri gjeng upp; Gudleik kjem.)
Ja ja, Paal, — so gjeng eg inn til Helga so lengi.
Kom, naar du er ferdug!
(Gjeng.)
Paulus (handhelsar). Godkveld, Gudleik. Kva fører du
i ditt Skjold?
Gudleik. Eg vil fyrst takke for igaarkveld. (stilt
tilbedande). De er stor!
Paulus. Eg hev kje Stundir til–
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>