Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
260
LÆRAREN
Gudleik. De er større end Luther!
Paulus. Vik fraa meg! Kva er dette for Tufs? (harm.)
Ungdomen høyrer Huldreheimen til, liksom Kvendi.
Hugen er blaut og heit og Hovude fullt av blodvarme
Eimar; strakst er han hugtekin.
D’er vanskelegt for ein ung aa koma inn i Guds
Rike, Gudleik! Sjaa no som du. Eg talar til deg um
Jesus, og so kjem du og feil paa Kne for meg. Gakk
med deg. Eg hev kje noko med deg.
Gudleik. So seg meg meir um Vegen til Guds
Rike, Paulus! Etter den store Stundi igaarkveld hev
alt snutt seg rundt for meg.
Paulus. Feil det deg hardt aa rive deg laus fraa
ditt Gods?
Gudleik. Ja. Men det er ikkje det sværaste.
Paulus. Det er eit Kvende?
Gudleik (boygjer Hovude). Ja.
Paulus. Som du elskar paa syndig Maate?
Gudleik. Nei. Men eg elskar henne so saart. Maa
eg ofre henne?
Paulus (stend litegrand og ser paa han. Gjeng att og fram eit Par
Gongir; stanar). Set deg ned, Gudleik.
(Dei set seg.)
Eg hev Tru til deg, Gudleik; eg vil tala Aal vor
med deg.
Gudleik. Ver ikkje for streng!
Paulus. Du er ung. Du veit kje kva Kvinna er,
og du veit kje kva Ægteskap er. Eg hev set so mange.
Eg saag paa so mang ein Gut som var varm for Guds
Sak og vilde det rette. Men so kom Kvinna. Og
straks kom det noko laagt inn i Live hans.
Gudleik. Men ho er ikkje slik, Paulus.
Paulus (aalvorsam). Kvinna er Jordi. Jordtyngdi. Mannen
kann vera sterk og vilja høgt; men strakst legg det seg
tvo mjuke Armar um Halsen hans. Han trur det er
Englearmar; men me andre ser ei moldtung Rot som
dreg ned og ned og fester han aat Jordi. Og kjem
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>