Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
263
Paulus (stilt). Guds Hjelp og Naade vere hjaa deg,
Gudleik! Gløym ikkje at eg bed for deg i desse Dagar;
og kom hit att, naar du kjenner deg trøytt!
Gudleik (stanar og ser saart paa han; gieng).
Paulus (stend etter i Tankar. Mullar). Ja. — Han . . . maa
faa Evelinde.
(Samlar seg. Gjeng.)
(Tomt litegrand.)
(Lars Nordbraut og Per Aase kjem.)
Per (ser seg ikring). Nei; han er ikkje inne.
Lars. Lampa brenn. Lat oss setja oss og vente ei
Stund.
(Dei set seg.)
Per. Ja kunde du faa bøygt han, Lars —. Det
vilde koma ille med dette, so nære Vali.
Lars (mildt). Eg liter paa Vaarherre. Eg tenkjer helst
me hev mistydt han, eg.
Per. Han er stiv i det han finn paa, — han liksom
Far hans.
Lars (sukkar). Herren hjelpe oss alle.
Per (tegjer litegrand. Varlegt). Hev du tenkt paa nokon
annan, um so var?
Lars. Lat oss leggje alle vaare Sorgir paa Herren, Per.
Per (etter ei Togn). Eg tenkjer dei radikale er glade no.
Der er svært til Drøs rundt Bygdi i Dag um den galne
Talen.
Lars. Aa ja. Lat Verdi gleda seg ei stokkut Stund.
Der varer kje lengi.
Per (etter ei Togn). — Dersom det ikkje er som eg
ræddast fyri, — at han er fallin ut av sitt Naadestand?
Lars. Me skal ikkje tru det verste.
Per (etter ei Togn). — Nei eg tenkjer eg gjeng ut og
høyrer etter, eg.
Lars. Gjer det du, Per.
(Per gjeng.)
(Lars ser seg ikring. Reiser seg og stabbar fram-yvi Golve med gamle Stig.
Stanar litegrand ved Skriveborde. Gjeng og set seg att.
Per kjem inn. Strakst etter Paulus.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>