Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
264
LÆRAREN
Paulus. Aa kjære, sit de her og ventar? De skulde
heller komi inn.
Lars. Me vilde gjerne røde med deg i Ro litegrand,
me tvo aaleine.
Det er dette Storthingsvale, me tenkjer so smaatt paa,
Paulus, — um Gud vilde sjaa i Naade til vaart arme
Fædreland og gjeva oss eit godt Val.
Per. Og du er den einaste, me kristelege kann vente
aa faa fram denne Gongen.
Lars. Og den beste. Eg vil beintfram segja deg,
Paulus, at med den Krafti og dei Gaavune som Gud
hev gjevi deg, — so hev du Synd paa deg, um du her
sviktar oss.
Paulus (stirer paa deim). Men —–; ja me kann daa kje
gaa saman no lenger?
Lars. Du meiner for det i Gaarkveld? (smiler.) Du
Paulus, i so aalvorslege Tidir maa me kje lata Tvist
koma upp millom oss, — me, som daa alle held oss
til den eine og same Herren.
Paulus. Ja men —•
Lars (mildt). No lyt me fyrst og fremst tenkje paa, kva
for ei Ulykke det vilde vera baade for Land og Folk,
um dei radikale med sitt Kristushat skulde faa Magti.
Per. Hugsa paa at dei er Fritenkjarar mest alle
ihop, og vil ha Kristindomen ut all Stad, like til or
Skulen, so at ikkje dei uskyldige Borni dessmeir skal
faa høyre um Frelsaren.
Paulus. Tala eg endaa ikkje tydeleg nok igaar? —
De forstend daa, at eg heller vil ha Heidningar til
Magti enn det som no gjeld for Kristindom?
(Det gjeng ein Rykk gjenom Lars.)
Per (tii Lars). Kva segjer du no?
Lars. Du maa kje tala formastelegt, Paulus. Du
veit du meiner kje dette.
Per. Han er fallin ut or Naaden, Lars. Det hev
eg tenkt alt sidan igaarkveld, daa han kom med denne
ugudelege Tala um at me ikkje turvte angre Syndine vaare.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>