Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
273
Helga. Takk, Jens.
— Ja hadde eg ikkje Jens i denne Tidi–-
(Sig burt i Tankar.)
Tore (hev stappa Pipa si; kveikjer). D’er greid Kar Jens, ja. —
Men du skulde no ikkje vera av dei veikaste du heller,
Helga? Og so skal du tenkje paa, at det visst ikkje
er so beintfram for Mannen din heller i denne Tid.
(Stutt Togn. Helga sit og stirer.)
Kva tenkjer du paa, Helga?
Helga (vaknande). Aah; — inginting.
— — Kann du forstaa dette med han Per Aase?
— Hev kje han Gardar nok?
Tore. Dei kallar ’n Tolvgardsper! — Men det er
vel det gamle. Meir vil ha meir. Hove er ein godt
uppdrivin Gard no, veit du; og so ventar han vel aa
faa han for mest inginting. D’er kje mange no som
hev Raad til aa kaupe Gardar.
Helga. — — Trur du Paulus kunde unne denne
Mannen Hove?
Tore (smiler). Paulus vil vel elske sine Fiendar! —
Og Per Aase hev vorti Fiend no.
Helga.–Kann du forstaa kvi han plent vil hava
Auktion? Kvi han ikkje vil selja til Jens underhand,
meiner eg.
Tore. Paulus vil vera trygg for, at dei fatige fær
sitt, Helga. Og han vil det skal liggje i Guds Hand,
kven som no skal faa Hove — og verta Grannen og
paa ein Maate Landdrotten hans.
(Helga rister paa Hovude; grundar.)
Sakførar Rabbe er paa Auktionen. Undrast paa um
han kann vera Ærendsmann for nokon.
Helga. Du, er det han Paal som hev funni paa
dette at eg skal vera hjaa han Jens i Sumar — og
han sjølv stulle aaleine der ut i Kvernhusheidi?
Tore. Korleis kjem du paa det? — Du saag daa
kor glad han vart, daa han høyrde at du . . . ikkje
vilde gaa ifraa han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>