- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
278

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

278

LÆRAREN

Paulus (ropar etter jens). Treng du meg?

Jens. Ikkje no. (Utmed Tore.)

Paulus (set seg). Aa det var vel.

Du kann tru eg hev det kje for godt der ute, Helga.
Aldri hev eg visst, at eg hadde so mange Venir og
Skyldfolk; annankvar Mann er Syskenbarn eller
Tri-menning, og alle skal dei hava eit Ord med i denne
Saki. Og i alle Augo les eg, at dei trur eg er galin;
sume segjer det beint ut. Det er som eg skulde vilja
snu upp ned paa Verdi, av di eg liver etter eit Ord
av honom — som dei alle fører i Munnen.

–Det verste er at eg sjølv — eg tykkjer stundom

sjølv dei hev Rett. Naar eg ser paa alt dette gilde
og gode som enno er mitt, og tenkjer paa, at no skal
det ikkje vera mitt meir, — det er so det skjer i meg.
Alt som er att av den gamle Adam reiser seg og skrik:
nei! nei! eg kann ikkje, eg kann ikkje!

(Helga tegjer.)

Du maa kje tru noko leidt um meg, Helga. Kunde
du tenkje deg inn i korleis eg hev det i Dag, so vilde
du vita kor nøydd eg er til aa gjera som eg gjer;
det er Frelse og Sælebot det gjeld; eg kann ikkje
sleppe.

Eg hev freista alle dei Utvegar og Umvegar som ut
læt seg tenkje; eg hev sagt meg sjølv: du kann lempe
deg; du kann tinge med Gud; du kann stelle det so
og so, og det vil vera mest likso godt . . . Men alltid
naar eg skal sjaa meg til, so er det Freistaren som
stend attum med Snaara, og alltid paa nytt ropar den
same kjende og ærlege Røysti i Samvite mitt: riv deg
laus. Gjer deg fri.

Helga (mullande). Stakkars Gut.

Paulus (tek Handi hennar). Tru no ikkje du au at eg er
galin, Helga. Det er ikkje det. Det er den eine
Tingen at eg hev gjevi Guds Ord Rom; og det er so
med dette Orde: det er eit Sverd som kløyver. Og
det er so, at for Jødar er det ei Avstyggjing og for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0288.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free