Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
280
LÆRAREN
Paulus. Ho er sjuk og trøytt. Det kjem seg nok.
Me maa live henne. Er ho fornøgd med det som Jens
hev tenkt ut?
Tore. Eg trur det kann gaa godt; (smiler) men deg
vil ho sjaa ofte.
Paulus. Ho skal sjaa meg kvar Dag. Me skal vera
jamt saman.
Tore. Det er rett. Eg trur det er det som — er
alt for Helga.
Paulus. Ho er staut.
Tore. Men kva var det no for Paafund, at ho plent
skulde fylgje deg paa Møti dine midt paa kaldaste
Vinteren?
Paulus. Eg veit ikkje. Ho fekk det med det. Og
eg kunde ikkje segja nei heller.
Tore. Ja, ja. Me fær vera vare um henne.
Paulus. Eg hev tenkt for lite paa dette fyrr; trudde
ho var likso sterk som eg er. No skal eg agte henne
som eit Barn. Naar alt er yvi (giad) — aa, du skal
sjaa, kor godt me skal faa det!
Tore. Det vonar eg visst.
Paulus. Ja berre denne eine Dagen var yvi! —
Eg er ikkje meg sjølv i Dag.
Tore. Eg tenkjer det er den verste Dagen du hev
livt, Paal.
— Eg vaagar ikkje aa blande meg upp-i dette, veit
du. Eg gjeng og ynskjer at eg kunde hjelpe deg, at
Vaarherre vilde taka denne Kalken fraa deg; men–.
Paa den andre Sida gjeng eg i Otte for at du skulde
bli hindra. Det er so underlegt dette. Baade
høgtids-legt og liksom fælslegt. Denne vesle Auktionen paa
denne vesle Bondegarden, er det kje reint som det
var . . . noko av ei Umvelting?
Paulus. Ja, berre eit av Jesu minste Ord
gjenom-ført, — strakst stend Verdi paa Ende. Eg tek til aa
skyna Spaadomane um at Jesu Tru skal eggje Verdi
til Hat. Vert det Aalvor av at me fylgjer i hans Fote-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>