Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
281
far, sandeleg trur eg ikkje enno det kann koma
For-fylgjingar.
Tore. Det er det som hev komi for meg au. Naar
eg høyrer paa Folk der ute i Dag, baade dei som
gjøner og dei som lætst hava Medynk, — det er som
eg kjende Teven av eit vaknande Blodsinne.
Paulus. Tenk um me vart ein litin Flokk som braut
Lag med Verdi og fylgde Jesus aaleine! — Der er
eit Ord eg alltid hev funni so rart; i det heile var
der so mange Ord eg undrast paa fyrr; —- eg tenkjer
paa det Orde av Jesus: eg er ikkje komin til aa sende
Fred, men Sverd!
Tore (stilt). Eller det: eg er komin til aa kaste Eld
paa Jordi, og kor gjerne vilde eg at han alt var
upp-kveikt!
Paulus. Evangelie er fullt av slike varslande Ord.
„Sjaa, eg sender dykk som Faar millom Ulvar" . . .
Tore. „Og heretter skal fem i same Huse vera
usamde, tri mot tvo og tvo mot tri; Fader skal vera
usamd med Son og Son med Fader, Moder med Dotter
og Dotter med Moder"; „Born skal setja seg upp mot
Foreldri og slaa deim i Hel" — —
Paulus. Og denne Sverdsendaren og Eldkastaren,
denne Altumveltaren og Altumstøytaren, han som var
komin til aa gjera det laage høgt og det høge laagt
og reise Kongar og Fyrstar mot seg til ein
Verdens-strid, — han hev me no gjort um til ein litin
Søte-jesus, ein Damejesus, ein Bønebokjesus, ja til ei
Sam-fundsstøtte, eit Hengjelaas for vaare Matbur og
Pengeskrin, og ei Nattluve for gode Borgarar; og Evangelie
for dei fatige hev me gjort um til ein Mur og ei fast
Borg for dei megtige i Verdi 1 Kongar og Fyrstar
skulde reise seg imot oss for Jesu Namns Skuld; no
stend Jesus Skjoldvakt for desse same Kongane og
Fyrstane. Og dei feitar og fyller seg i hans Namn,
og spelar og horar i hans Namn, og krigar og drep i
hans Namn, og ranar og røvar og stel i hans Namn;
!9 — Garborg. IV.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>