Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
282
LÆRAREN
og Kristi Tenarar stend tvibøygde og velsignar deim i
hans Namn, og gjer Dørine vide og Portane høge for
deim, og tek imot Ros og Ære og Magt av deim; ja
sjølve det heilage Embætte tek dei imot av desse same
Heimsens megtige. Og Kristindomen som skulde velte
og ny-reise Verdi, er gjord um til ei Allemannsflatseng
. . . Er det ikkje forunderlegt som alt er umsnutt,
Tore?
Tore (smiler). Det maa vera Fandens Meistarstykke,
dette, daa han fekk Kyrkja umbygd til sitt Bruk, og
det so fint at ho enno trur ho er Kristi Kyrkje.
Paulus. Ja det bannar ho paa kvar Dag. Tie tusund
Professorar granskar Skriftine og finn ut Spraak og
Prov for all Ting, so at um det kjem ein stakkars
Faaming, ein Framand i Israel, og segjer: ja men —
var der kje noko um eit nytt Liv? eit nytt Rike? ei
ny Verd? skulde det ikkje liksom vera Skil paa Kristus
og Belial? — so sparkar dei han ut og lyser han i
Bann — i nettupp det same Namne Jesus. Er det
kje so du kann tru du drøymer?
Tore. Eg segjer som eg hev sagt: tak deg i Vare,
Paulus. Verdi er Verdi, anten ho dyrkar Keisaren
eller Paven; og held du din Veg fram utan Avslag
til nokon Kant, so fær du alle imot deg og ingin
med deg.
Paulus (smiler). Aa, det er ikkje faarlegt. Daa
Djevelen saag at han hadde fengi Bugti med Kyrkja, so
vart han trygg og innførde Samvitsfridom, ser du!
—-Det kann han ein Gong faa trega paa.
Tore. Samvitsfridomen tek han snart i seg att, ser
han det gjeld paa. Og elles hev me desse glupe
Juristane; dei stend visst aldri i Beit for ein Paragraf.
Eller um dei berre kann faa vasa deg inni eitkvart
leidt, so vidt at dei fær sett ein Flekk paa deg; det
er og ein Maate aa gjera brysame Folk meinlause paa.
Eg hev tenkt mykje paa dette sidan igaar. Gløym
aldri den kristelege Visdom, Paulus! Eg veit ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>