Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
285
Paulus. Det var ei Tid eg mest fælte for henne.
Men Gud vere Lov og Takk.
Og du Tabitha daa? Du ser reint kvik ut no, du.
Tabitha (siær Augo ned). Ein fær Fred i Samvite av aa
arbeide.
Paulus. Ja er det kje sant, Tabitha? Gjera Guds
Vilje er Lækjedom mot alt.
(Vert med ein Gong mjukare i Mæle.) Og du. Evelinde?
(Tabitha stirer paa han.)
Evelinde. Med meg er det godt.
Paulus. Som alltid. — Ja du Evelinde hev stodt
vori paa ein betre Veg enn me. Det var din
stillfarande og offerviljuge Kristindom, som kannhende
fyrst drog meg au inn paa —- andre Tankar. Det gode
Fyridøme er sterkare enn Ord.
Evelinde (med djupt nedslegne Augo; raudnar). Det er Større
Ære enn eg fortenar.
(Kammersdøri glid stilt upp paa Glytt.)
Paulus (varm). Nei det er ikkje det, Evelinde!
(Tabitha hev under dette dregi seg meir og meir attende; stend no bleik og
framand og stirer paa deim, liksom ho hadde fengi ein Mistanke.)
Evelinde. Det var noko me vilde tala med Dykk
um. Me høyrer de hev sagt upp Gjenta og vil vera
— utan Hjelp der ut-i Kvernhusheidi. Kunde daa
ikkje me faa tena dykk? Me kunde taka kvar si Tid,
etter som kvar av oss hev best Stundir, og hjelpe
Syster Helga med Tungarbeide. Skal De leige, vert
det dyrt. (Med ein Gong varmt.) Me vilde so gjerne tena dykk,
Paulus!
Paulus. Gud velsigne dykk. Born; de er so snilde
og gode.
Evelinde. Det var vel det minste me kunde faa
gjera til Takk mot vaar Lærar og Vegvisar.
Paulus. Gud hjelpe oss for Vegvisar eg hev vori!
Men dette kann eg ikkje svara paa i Dag. Det er
ikkje avgjort enno korleis me skal ha det. Det kann
hende me gjer det so, at Helga vert verande her eit
Bil, til dess der er fullt i Stand der ute, og ho sjølv
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>