Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
286
LÆRAREN
— er fullsterk att. Kanskje vilde de høyre innum
sidan? — Eg tok nok gjerne mot Tilbode; for so skal
det vera: me skal tena kvarandre, naar det trengst.
Evelinde (stilt). Vert Syster Helga verande her, so
kanskje me fekk Lov til aa tena henne.
Paulus (fegin). Ja! Det kunde kanskje —; det vil
eg tala med Helga um, naar ho kjem upp. Eg trur
det vil gleda henne! - (Kammersdøri gjeng heilt upp. Helga kjem
inn.) Aa, snilde deg, vaager du deg alt upp att, Helga?
Hev du sovi?
Helga. Litegrand. — Du hev . . . Gjestir, ser eg.
Paulus. Ja tenk du, desse snilde Gjentune kjem
her og byd seg til aa vera Tenestgjentur for deg,
naar me kjem ut i Kvernhusheidi.
Helga (ser granskande paa han). Du vil kanskje gjerne det.
Paulus. Meg kjem det lite ved, veit du.
Helga. Du hev lova at du sjølv vil gjera
Tung-arbeide for meg.
Paulus (smiler). Ja ; trur du meg til det, so — skal
nok eg vera Skurekjering! Men um du no kjem til
aa vera her ei Tid —
Helga (kaldt). Eg treng ingi Hjelp.
Paulus. Ja kjære, som du synest.
Helga (mynstrar Evelinde med kalde Augo; snur seg). J^nS Vil
greide med aa skaffe meg Hjelp.
Paulus. Ja det er sandt; du hev han Jens.
(Tii Evelinde.) Ja ja, so fær de hava Takk for den gode
Viljen daa, Systrar! Takk skal de hava; det gjer godt
aa sjaa slikt. Gange med Fred, og halde trufast ut i
Arbeide og den daglege Tenesta. Farvel, Tabitha.
Farvel, Evelinde!
(Tabitha svarar ikkje.)
Evelinde. Guds Fred i Huse!
(Gjeng mot Døri.)
Helga (som hev stadi halvt burtvend, myrkt stirande). Evelinde.
Evelinde. Ja, Syster Helga.
Helga. Du kann —- koma upp til meg ein Dag.
Eg vil — tenkje meir paa dette.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>