Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
287
Evelinde (stut). Takk, kjære Syster. Eg vilde so gjerne
tena dykk. (ut.)
PaillllS (ser paa Helga, som vender seg ifraa han). Du hev ViSSt
ikkje sovi stort, Helga. Du ser so trøytt ut. Her er
urolegt for deg i Dag.
Helga. Det gjer kje noko. (Tek seg tii Hovude.) Berre
eg kunde faa det til aa vera rolegt — (mest skrikande) her
inne!
(Gjeng mot Kammersdøri. Paulus styd henne, uroleg og ottefull.)
Paulus. Kjære Helga, du maa ikkje taka det for
tungt, dette. Me skal stelle det so godt for deg som
me kann. Og du skal sjaa kor godt det skal gaa, Helga.
Me skal faa det mykje rolegare og fredelegare ut paa
Heidi enn her, ser du!
Helga (stanar og ser paa han). Meg hev du ofra; var det
kje so?
Paulus. Eg fær deg att.
Helga. Du tek det so rolegt.
Paulus. Eg veit det so trygt. Gud vil kje at Mann
og Kone skal skiljast. Og han hev vendt Hugen din
til meg, so at naar du fær tenkt deg um, so kjem
du — heilt.
Helga (um Halsen hans; glødande). Du kjære, - du beste
av alle Mennar! (Græt.) Eg kann tru so fast paa deg
stundom . . .
Paulus. Eg skal lære deg aa tru paa ein som du
kann lite fast paa alltid.
Helga (slepper han; kaldare). Kann eg kje lite alltid paa
deg.
Paulus. Kva er eit Menneskje. So lengi eg er meg
sjølv, kann du tru meg; men sovnar eg av og det
vonde fær Magti, so veit du kor mykje eg er aa tru.
Helga (stirande, muiiar). Kann han vera falsk endaa.
Paulus. Kva segjer du, Helga?
Helga (stirer lengi paa han). Hadde du selt Hove, dersom
det hadde vori ... ei onnor som hadde vori Kone
her?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>