Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN.
289
mine Hendar; eg vil gje mitt Liv for henne; men ho
veit, ho veit —: Guds Vilje maa fram.
(Staak og høgmælt Tale i Gangen. Døri gjeng upp, og Unge-Salomon
Storbrekke, Jonas Rudlevik m. fl. Auktionsfolk, millom deim Per Aase,
kjem inn. Paulus hyssar paa deim, men det nyttar lite.)
Unge-Salomon Storbrekke (i Fyrienden med Jonas Rudlevik).
–og det vil eg segja beint ut, at eg forstend ikkje
korkje Tore Eide eller Lensmannen, som kann gaa her
og sjaa paa, at denne galne Mannen riv Huse ned yvi
Hovude paa baade seg og sine, og ikkje legg tvo Straa
i Kross — -—
(Tii Paulus.) Me vil tala med Kona di, han Jonas her
og eg. Naar du sjølv er galin, og ikkje dei næraste
heller bryr seg meir enn so, so fær me brüka Vite,
me som hev det.
Paulus. Far stillare, Folk. Helga er ikkje rask.
Ho hev lagt seg og vil kvile.
Salomon (ser sinna paa Paulus). Kona di er kje sjukare
enn ho maa kunna svara paa eit Spursmaal, naar det
gjeld Framtid og Velferd baade for henne og — det
ho gjeng med.
Jonas Rudlevik (paa ein liten Lette). Du er alltid so kaut,
du Paulus; men no vil eg au ha eit Ord aa segja.
Eg er daa gift med Syster di, og høyrer til Folke eg
au; no vil eg tala med Helga.
Paulus. Kva er tids? Hev de noko aa segja, so
seg det til meg; so skal eg tala med Helga.
Salomon. Du er kje rette Vedkomande i dette, du.
Jens Eide. Du nemnde meg, Salomon; kann hende
eg er rette Vedkomande.
Salomon. Ja; du burde vera det. Me tykkjer det,
Jonas Rudlevik og eg, og mange med oss, at Helga
burde sjaa aa faa gjort Mannen sin umyndig; for at
han ikkje er med sitt fulle Vit, det er greidt og
tyde-legt for alle, soleis som han no fer aat.
(Jens dreg paa Aksline.)
Tore (halvhøgt m p a u i u s). Der hev du fyrste Freist
nåden!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>