- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
294

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

294

LÆRAREN

Per. All den Sylvstasen han Enok Hove og Kona
hans aatte. Og meir til.

Kona. Ja; og slikt kunde han Paulus dra inn yvi
seg att! — Han maa ha vori galin lengi.

Per (tek tii aa draga av seg Broki). Ja no er han det som
verre er. Han er fallin ifraa Trui.

Kona (slær Hendane ihop). Nei kva segjer du.

Per. Og hev funni paa eit nytt Evangelium; og
den som gjer det, veit du, han er ein forbandet Ting.

Kona. Aa Kors i Jesu Nam.

Per. Guds Unaade vil vera yvi Bygdi, so lengi
han er her. — Og kva han kann finne paa heretter, det er
ikkje godt aa vita. Den som hev forkasta Orde og
Naaden, han vyrder kje lenger nokon Ting.

Kona. Nei du veit daa det. Nei at det skulde gaa
soleis med denne store Læraren.

Per (tek til aa draga Nybroki paa seg). Ikkje trur eg det heng
rett ihop med det han no hev gjort heller.

Kona. Nei trur du vel det? Det maa daa visst
liggje einkvart attum?

Per. Eg forstend det paa Kona hans au, at ho ikkje
trur han meir enn so midt i Lag.

Kona (mest kviskrande). Nei er det kje reint som ho
gjeng her og gjæter han? — Kvart Menneskje som
kjem til Gards, so er ho ute og spyrr og grev . . .

Per. Ja eg er glad at eg |snart hev deim ute or
Huse. Der er kje Velsignels med slike.

Carolus (kjem stiltrande inn fraa Bakgrunnen; han ser svært skikkeleg

og mjuk ut). Guds Fred i Huse, Per Aase, og god Dag.
De maa orsaka meg, Per; eg var so forviten til aa
røde med dykk litegrand — um eit og anna. (Set seg,
sukkar.) Det gjeng so mykje leidt og rart Drøs i Bygdi,
at ein veit snart ikkje kva ein skal tru. Ja Djevelen
gjeng umkring som ei brølende Løve.

Kona (forviti). Ja du høyrer vel mangt, du Carolus;
— kva er det dei hev fengi aa renne med no?

Carolus. Aa det er no helst um denne stakkars

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0304.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free