- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
296

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

296

LÆRAREN

Helga (kjem snøgt inn. Ho hev tulla eit stort svart Kasteplagg ikring

seg; ser forpjuska og uroleg ut). Aa, — er det du som er ute
og gjeng. Kjem du beint heimanfraa?

Carolus (stend upp og helsar). Goddag og Guds Fred, Helga.
De er betre att no, ser eg, — Gud vere Lov og Takk.

Kona. Nei eg fær nok ut att, eg. Sjaa inn i
Kjøken fyrr du gjeng, Carolus! (ut.)

Helga. Hev du set noko til Mannen min i Dag?
— Du bur no tett attved —

Carolus (med ein Fantelaatt). Ja no vert me Grannar reint,
Helga. (Helga liksom vrid seg.) — Jau; Mannen din, han
strævar og snikkrar so det er svært; det kann kje
vara lengi fyrr han er ferdug.

Helga. Du tala med han, fyrr du gjekk?
Carolus. Ja; eg var burtum so snaraste.
Helga (tegjer lite). Visste han at du skulde hit?
Carolus. Eg nemnde det; men han stod og rødde
med Syster Evelinde (glytter tii Heiga fraa sida) — og høyrde
vel ikkje større etter meg.

Helga (hev teki seg under Barmen; sender Carolus eit Augnekast fullt
av Hat; tvingar seg). Aa; var ho innum?

Carolus. De veit me hev alle mykje aa tala med
Læraren um.

Per (hev havt paa seg Styvlar og funni Hatt og Stav, men under alt dette

høyrt vei_etter. ikkje ublid).; Du kann koma her innum i Morgo,
du Carolus; eg maa i Fatigkommisjonen no, eg.

Carolus. Tusund Takk, min høgvyrde Husbond,
um eg so maa kalle Dykk no; det var mange Ting eg
vilde tala med Dykk um, baade i det aandelege og
det timelege; De veit eg strævar so smaatt i all
Skrøpelegheit med aa vinne meg yvi og bli eit Guds
Barn; og eg treng nok baade Raad og Hjelp — —
Per. Me fær talast ved i Morgo, Carolus. (ut.)

Helga (hev stadi burt-gløymd i sine eigne Tankar. Med Yvivinning).

Ja, stakkar, han hev visst nok aa bala med; alle skal
tala med Læraren.

Carolus. Ja; og det er liksom Kvinnfolki treng sers

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0306.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free