- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
297

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

297

um Raad og Rettleiding; det er vel som Apostelen
segjer: dei er skrøpelege Kar. — Ho gjeng her og
hjelper til hjaa dykk no, høyrer eg? — Det er vent
av Evelinde.

Helga. Ho kjem her Morgo og Kveld. Ho er snild
. . . ho er snild . . .

Carolus. Ho kom vel herifraa i Dag daa, — og
hadde vel kanskje Ærend?

Helga (burte; stirer). Nei; ho sa ingin Ting til meg.
(Tek seg i det.) Ærend, segjer du? Ja eg sende henne
ut-um med noko . . . Smør han hadde gløymt.

Carolus (nikkar). Eg kann tenkje det, ja. Ja eg høyrde
kje anna enn godt og vent; dei tala berre um
Vaar-herre, daa eg kom inn til deim.
(Tek Hatten sin.) Hja! — eg fær vel heim att, eg.

Helga. Sa han, kva Tid han . . . venta seg heim
i Kveld?

Carolus. Nei — ja; — kanskje eg ikkje forstod
deim rett; men det høyrdest mest som ho skulde koma
att; og so skulde dei fylgjast her heim til Kvelds; ja
eg fekk den Tanken. (Med eit lystigt Augnekast; i Lesartone.) Ja
Farvel daa, Helga; Vaarherre vere med deg og gjere
deg frisk og sterk av sin Naade. (Gjeng.)

Helga (aaleine ; stend og stirer, med Hendane tett uppunder Barmen ; de
gjeng Skjelvingar gjenom henne. Ho mullar som i Ørske). Han

gjeng i Fella. Han gjeng i Fella. — Det er so, det
er so–

(Gjeng hastigt nokre Stig fram; braastanar.)

Aah; Carolus lyg . . . Han lyg; han lyg — —

— — Og i Kveld! plent og plent skulde ho hit
att. Plent og plent . . . Ingin Ting aa gjera; men
plent og plent . . . plent og plent —. (Kvæsande.) Avtale!
— — Og laug for meg — — —

(Tek seg med baae Hendane i Haare; stend og stirer; set med ein Gong
mot Døri. Men braastanar. Rettar seg braadt upp.)

Nei, nei. — Nei. — Ikkje no. Ikkje no, ikkje no.

I Kveld . . . (skjelv. Tennane klaprar i Munnen paa henne; Augo vider
seg ut.) I Kveld ... I Kveld . . . (knyter Handi og rettar ut for seg.)

20 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0307.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free