- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
304

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

304

LÆRAREN

upp; eg hev aldri vori so glad i noko Kvikind som
i Dagros. (varm i Augo.) Det vart reint som eg kom heim
att, um eg kunde faa Ku ! (Snufsar.) Aa ja, de blide
Ungdoms Dagar.

(Vinn seg yvi; mansieg att.) Ja ja; so mykje skal eg no kje
vente; det vart vel altfor gildt det . . . for eit gamalt
Braffebeist.

(Køyredur utanfyri.) — Ja SO kjem eg i Morgo daa ; (Gjeng
braadt burt ti] han og tek han i Handi.) Du Skal ha Takk for i

Dag, Paal; regtigt Takk skal du ha. Det er nok kje
mange som røder soleis med meg som du hev gjort.
Farvel og Takk daa!

(Jens Eide kjem inn. Ferdaklædd, med høge Reisestyvlar og Svipe i Handi.
Paulus nikkar til han.)

Paulus. Farvel, Maren; velkomin att. Og den Kui,
den skal me tenkje paa!

Maren. Ja gjer meg no kje reint ør heller; eg kann
vera gali nok fyrr. Farvel, Paulus!

(Med manslege Stig ut.)

Jens. Skal du frelse - (nikkar attyvi med Hovude) henne

der au?

Paulus. Um nokre Aar skal Maren Doktar vera ei
av dei likaste me hev, Jens. Ho er frisk i Roti ho,
skal eg segja deg. (Fær fram ein stoi.) Set deg, Lensmann.

Jens. Takk. (Vert standande.)

Eg kann helse deg fraa ein annan god Ven,
Ras-mann Rotteholen. Han laag i Vegveita nedved
Myre-kyrkja so full som eit Svin.

Paulus. Det tenkjer eg nok.

Jens (ser paa han ei Stund. Gjeng att og fram). Kunde vera rart
aa vita korleis du vil „frelse" slike Ubeist.

Paulus. Det skal eg segja deg, Lensmann. Eg vil
frelse deim ved aa gjeva og aldri krevja.

(Jens dreg paa Aksline.)

Seg meg, kjenner du noko til det dei kallar
„kristeleg Godgjørenhed"?

lens (heile Tidi ordknapp og mutten). Nei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0314.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free