Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
306
LÆRAREN
Jens. Du sa ein Gong at du var Bygdepolitikus;
kva meinte du med det?
Paulus. Eit rolegt og vent og hyggjelegt
Bygde-eller Grendeliv, — eit broderlegt Liv millom
Like-mennar som held av kvarandre og hjelper kvarandre
og liver fredeleg saman utan Lensmennar eller andre
Herrar yvi seg, — det er den kristelege
Samfunds-skikk.
Jens. Aahaa. Anarkisme.
Paulus. Namne skjemmer ingin.
Jens. Naa; um ikkje Samfunde kjem deg ved, so
skulde du vel ikkje vera reint likesæl um Kulturen?
Du ser vel, at dette du kallar Kristindom er
kulturfjendsk?
Paulus (smiler). Kultur. De Huldrefolk. Dykk sjølve
imillom hæder de Kulturen; kva sa Jean Jacques?
Men vil ein Kristmann segja eit Ord -— Vakt i Gevær!
Daa er med ein Gong Kulturen det høgste i Verdi.
Jens (med Akseldrag). Kultur og Kultur —. Eg krev ein
Kultur som skaper Stil i Live, og sterke, heile
Menneskje.
Paulus. Daa vert eg au Kulturmann. Eg kjenner
berre ei Magt i Verdi, som kann skapa heile Menneskje.
Jens. Det kjenner me. Men kvar gjer du av
Vitskapen?
Paulus. Den einaste Vitskapen eg ikkje vil kunna
bruka er vel (smiler) Rettskunna.
Jens. Takk. — Enn Kunsten?
Paulus. Varietékunsten vil det gaa gali med. Men
var eg Diktar eller Kunstnar, — so forstend eg kje
anna enn eg maatte setja meg til aa dikte og spela
og maale av all mi Magt; for du veit ikkje kor
forunderleg rik og fager og gaatefull Verdi no hev vorti
for meg.
Du trur nok eg er Pietist enno, Jens? — Ser du,
Farisæarane, naar dei luskar seg ifraa Guds Lov, men
endaa vil vera Guds Born, so maa dei laga seg ei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>