Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
308
LÆRAREN
Jens. Er dei no motsette?
Paulus. Kommunisme lærer Folk aa krevja;
Kristin-domen lærer Folk aa gjeva; er kje det motsett?
Jens (dreg paa Aksline). Aah !
Paulus (mildt). Gjev Gaum paa det eg segjer. Det er
det som i det heile er Kristindom; det er det som er
Skilnaden millom Kristus og Belial: Kristus gjev og gjev og
vert alltid rikare; Belial krev og krev og tek og tek og
vert alltid armare. Det er det som er Løyndomen!
Høyr paa meg, Jensemann. Som du der stend, du
gode, hjartevarme Gut, so er du ikkje langt ifraa Guds
Rike.
Jens. No skal me høyre.
Paulus (varm). Du er sjølv ein av deim som vil gjeva
og gjeva, og ofra deg utan Løn; og dette gjer du av
di du elskar, og av di du hev kjent kor tom Verdi er
med alt sitt Staak og med all sin Glans; tom so du
ligg der og geispar som Fisken paa Land, og maa hava
noko aa fylle ditt Liv med.
Jens. Tek du til aa frie til dei Magthavande no,
liksom din Namne Apostelen?
Paulus. Eg frir til Jens Gunnarsson Eide av Vaadals
Bygd; Lensmannen fekk du visst ofre.
Jens. Og naar eg no svarar nei, so sender du meg
vel til Helvite?
Paulus. Eg veit kje noko um Helvite.
Jens. Sviktar det deg der, ditt store Mod.
Paulus. Gehenna, Elden, Ormen, Myrkre, den andre
Dauden, — alle desse Bilæti upplyser berre, at Gud
ikkje hev funni det verdt aa gjera oss vise paa desse
Ting.
Jens. Vaagar du aa gjeva upp denne store
Tukte-meisteren til Kristum?
Paulus. Med Helvite skræmer ein Folk paa
Daare-kista, men aldri inn i Guds Rike.
Jens (lyfter paa Aksiine). Hm. Vaksne Folk, — og so
staa her og trætte Teologi!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>