Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LÆRAREN
309
For siste Gong: skal me skiljast Uvenir?
Paulus (tungt). Det ser ut til det.
Jens (harm). Var det endaa ikkje slikt Tøv du for med!
— Rettfylgdi av det maa vera at alle skal bli
Hus-mennar. Kann du forklaare meg kva der skal vera
vunni ved det?
(Det skymrar; Paulus kveikjer Lampa.)
Paulus. Det rette er at ingin eig Jordi, ja; at Jordi
er fri som Sol og Luft og alt Guds Laan; so vert det
og til sist, Jens. Men um ein Mann eig den
Jord-leppen han treng til aa liva av, det dømer eg ikkje;
det som er faarlegt er aa eige Gods.
Jens (vender seg; avgjerande). Jah. Eg kom her i den
Tanken aa beda deg — i alle Fall ikkje arbeide imot meg.
Eg ser det er faafengt. So maa det vera so. Farvel,
Paal. Du forstend meg?
Paulus (nikkar). Hev du drøymt um aa forsone Kristus og
Belial, Jens, — so høyrer du enno heime i Statskyrkja.
Jens. Du drøymer um ei Verd som ikkje er og
som aldri kjem. Eg vil arbeide med den Verdi me
hev, og kann ikkje lata meg hefte av Draumar, — eller
av Drøymarar. Du maa heretter ikkje vente anna enn
Krig av meg. (Handtekst med han.) Farvel. Takk for alt
det me hev havt saman.
Paulus. Sjølv Takk, Jens. Takk for alt, — for det
au, at du segjer meg dette so beint ut. Treng du
nokon Gong ein fullgod Ven, so gløym ikkje Drøymaren
i Kvernhusheidi!
Jens (ved Døri). Det er sant. Det er enno eitt som
bind oss saman. Fekk du den Helsingi eg lagde etter
meg her i Dag? Fraa Helga?
Paulus. Nei.
Jens. Eg var innum hjaa Helga i Dagmorgo, paa
Nedvegen. og eg skulde helse; men daa eg kom hit,
fann eg deg ikkje.
Paulus. Eg var ein litin Sving ned-hjaa min nye
Vén Maren Doktar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>