- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
314

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

314

LÆRAREN

eg gaa. Men ... du maa gjeva meg ei Helsing med
til han du, Evelinde.

Evelinde. Helsa fraa Syster Evelinde og oss alle,
at me snart vonar aa sjaa han att i Broderringen.

Paulus. Nei; ikkje so. Ikkje fraa „Syster" Evelinde.
— Men lat oss gaa. Her er uhuglegt her; det brenn

SO dauvlegt. (Tek Matspande. Skruvar ned Lampa og vil sløkkje. Tek

seg i det; stanar; mullar.) Nei . . . kanskje best likevel . . .
(Skruvar upp att.)

Eveliflde (vender seg braadt og ser mot Døri; snur seg att). Eg

tykte eg høyrde einkvar som kom.
Paulus (lyder). Nei. D’er inginting.
— Ja som sagt. Ikkje fraa „Syster" Evelinde; fraa
•— Evelinde, fraa deg sjølv. Eit lite Ord som kann
gjeva Von; — aa, du forstend godt kva eg meiner.
Eg bed deg um dette; kann du gjera det, so maa du.
Det er meg meir um aa gjera enn du trur.

Evelinde (med djupt bøygt Hovud ; strævande). Eg vil gjerne
gjera alt . . . De bed meg. Men ... tek De kje
imist?

Paulus. Nei eg gjer kje det, Evelinde. Du er so

varmt huglagd som noko Kvende paa Jordi, (mjukt) og

som du fortener, Evelinde. Eg bed deg —

Evelinde (skvett upp). Aah ! Kunde det vera Vinden ?

(rædd ; nær inn aat han.) Høyrde du, Paulus?

Paulus (aat Døri; Evelinde fylgjer rædd). Kann det vera Carolus

som gjeng her Og luskar att? (slær Døri upp; skvett attende med

eit døyvt Rop; tek seg kvitnande til Haare; stend som fjetra.)

Evelinde (i Villrædsle ; klyngjer seg fast til han, skrik). Paulus !

Paulus! Det er ikkje ho! (Under dette ser ein Helga i Dørgape,
kvit, med rengde Drag og villstirande Augo, ukjenneleg; ho mimrar med Munnen
som ho vil segja noko, men ein høyrer berre ein hurglande Ljod, som vert til eit
kvævt Skrik; i det same fører ho illsnøgt Handi fraa Barmen til Munnen og tømer
Opiumsflaska. Ved Skrike seig Evelinde i Uvit innyvi Paulus, som dermed ein
Augneblink vert burtheft.)

Paulus (hev lempa Evelinde ned paa Golve; med eit Sprang ut i Døri; tek

Helga i Armane sine; skjelv). Jesus Kristus, Helga; du tek so

gruveleg, gruveleg imist; kjære Hjartans Barn, høyr

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0324.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free