- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
329

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

329

Paulus. Uppstaka med Krossar og tornefull og bratt.
Men med ei Sol yvi seg som aldri gjeng ned, — og
som aldri sloknar. Kor skyfull og myrk Himilen
er, — attum alle Skyer logar Soli. Det kann myrkne
og det kann storme; men det vert aldri Natt.

Gudleik (triv Handi hans; inngiad). Aa, kjære, kjære Lærar
og Bror, eg er so sæl. At slikt er! at slikt læt seg
uppliva! — av eit armt, armt Menneskje.

Paulus (stnt). Og so sæl som du gjer meg, Gudleik.
Dette er ei ny Forvisning for meg, eit nytt Prov, at
Vegen vaar er den gode.

Ja, midt i mi Sorg, Gudleik, og midt imillom
Djevelens gloande Pilir, — eg er glad, glad ... for meg
og for deg. Jesus Kristus er med oss; kven kann daa
vera imot oss?

Aa, Gudleik; Live er djupt. Det hev so mykje me
ikkje visste um; som ingin veit um; kvar ny Dag
opnar ei ny Verd for oss. Forstend du det, at me
kann vera sæle og frie midt i vaar Sorg, syngje og
kveda av Frygd, medan Hjarta bløder?

Gudleik. Ja! midt i vaar Sorg.

Som eg her stend for Dykk, — aldri hev eg fyrr
no visst kva Sorg var. Og endaa hev eg ikkje fyrr
no visst kva Glede er. So underleg sorgsæl og rik
gjeng eg ikring; og Himil og Jord hev nye Fargar.
Aa for ei Hugsvaling, for ein Lækjedom etter alt dette
vonde, etter den lange Trældomen, — og etter denne
jammerfulle Synde Tid.

Paulus. Du hev fengi ofre alt? Sjølve Evelinde.

Gudleik (stnt). Ja. Alt. Stend her nakin og arm;
eig inkje — og ingen. Eg skulde vera den armaste
paa Jordi. Men er det ikkje sant, forunderleg sant, at
alt me ofrar fær me hundrafol! att — her? ikkje berre
i Himilen, men her? no? — I det heile: hev De lagt
Merke til, at Jesu Ord, dei er ikkje berre sanne, —
dei er bokstaveleg sanne? Reint bokstaveleg? — Fyrr
turvte eg alltid so mykje Fortolking. Det var nok

22 — Garborg. IV.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0339.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free