- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
330

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

330

LÆRAREN

sant, det han sagde; men eg maatte forstaa det so og so.
No stend Ordi hans for meg som klaare, skinande
Ljos, som straalar inn i Hjarta mitt beint og varmt,
og vekkjer Liv som Blomar av Moldi. Kva er det for
eit Vidunder? Er det ikkje som alle Skyir og
Skodde-bakkar var tekne burt, og me saag beint inn i det
kvite Ljose der uppe?

Paulus. Ære være Jesus Kristus.

Gudleik. So klaart og tydelegt som alt er! Eg gjekk
og fælte og trudde at det var so umögelegt aa fylgje
Jesus. Eg kunde ikkje; me kunde slett ikkje. Aa
ofre det eg elska, — eg forstod det ikkje. Og elske
det eg hata, elske sine Fiendar — det kunde kje vera
Meiningi. Det maatte vera annarleis aa forstaa; eg
maatte ha so mykje Fortolking. Men det er
beintfram aa forstaa! Og me kann forstaa!

Paulus. Han legg aldri paa oss meir enn me evler,
Gudleik.

Gudleik. Nei! — For naar ein er so fri og glad
°g trygg som eg er> s0 kann ein ikkje hata! — Og
tenk hemne seg! — Eg er so utanfor og ovanfor og
burte fraa alt dette dei fer med; naar eg ser dei gjeng
der og strævar og balar og liksom vil gjera meg vondt,
og so piner dei berre seg sjølve, — eg kunde graate,
so Synd tykjer eg i deim; ja er det kje i Grunnen
berre naturlegt, Paulus?

Paulus. Eg las ein Gong hjaa ein Diktar at det
var laak Moral aa snu det høgre Kinn til, naar ein
fekk eit Slag paa det vinstre. Daa lo eg. Dei er
løgne naar dei vil vera vise, desse Haugkallar og
Jord-krabbar. Eit Kinnslag for den Kristne, — det er som
naar ei Kjempe vert ruska i Skjegge av eit lite Barn.
„Au, au!" klynkar Kjempa og snur den andre Sida til;
„no maa du ruske der og, so eg fær kjenne kor vondt
det er!" Og Barne ruskar, og Kjempa klynkar; gjev
so Barne eit Søteple.

Gudleik. Ja for det som dei kallar vondt —; Tingen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0340.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free