- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
331

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

LÆRAREN

331

er at me hev kvar sitt Tungemaal, me og dei, — dei
som er utanfyri.

Paulus. Ja; i Kveld skal du tala, Gudleik. Du
skal tala um dette; eg treng sjølv til aa høyre dette
Orde i Dag: elska dei som hatar deg, og velsigna,
naar dei bannar!

Gudleik. Kjære Lærar, — ja du vert banna no.
Og var det nokon eg kunde hata, so var det desse
som bannar deg.

Paulus. Hata deim ikkje; dei veit ikkje kva dei
gjer. (Sukkar.) Men her um Dagen vart det slengt eit
Ord etter meg som verkjer og brenn i Hjarta mitt
som Eiter og Glod — av di eg kjenner med meg sjølv,
at eg . . . ikkje er uskyldig.

Gudleik (varmt). Du er uskyldig!

Paulus. Syndi hev Gud teki burt. Men ille gjort
krev Bot, Gudleik. Eg vil skrifte for dykk i Kveld,
og taka den Boti de maa leggje paa meg, — som og
den Straffi Gud enno kann vilja sende meg.

Gudleik (stilt). Saart . . . hev du sona, Paulus.

Paulus (bøygd). Aldri, aldri fær eg sone nok. Eg gjekk
der sovande og lét Sorg og Hugsott vekse, til dess . . .
dette verste hende. — — Aa, Gudleik, — eg hadde
gledt meg so til aa Hva mitt nye Liv saman med henne,
og faa henne til aa forstaa meg; ho var so heil og
varm; ho hadde vorti eit herlegt Kristinkvende. (Med ein
djup sukk.) Og ala . . . den vesle . . . upp til ein sterk
og glad Jesu Svein!

(Vinn seg yvi.) Ja, streng Tukt hev eg fortent, at eg
kann lære ... aa vaka, Gudleik.

Gudleik (skjeivmæit). Kjære Bror.

Paulus (roleg att). Men Stundi nærmar seg. Eg maa
i Kveld tala mitt siste Ord med Evelinde.

Gudleik. Syster Evelinde vert sein.

Paulus. Ho kjem. Du hev vel høyrt, at dei . . .
gifter oss saman?

Gudleik (stut). Eg bed til Gud, at det maa vera sant.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0341.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free