- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
339

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

339 DEN BURTKOMNE FADEREN

eg heim. Det er berre den siste Kneiken att; og
dette tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila.

Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod;
og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa
Mann bera til Rygg brest. Eg vil lide og tenkje at
di verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine,
skal mine Tankar halde meg Lag; og er Folke mitt
burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg
svæve min Hugverk. Og alt det eg hadde av Live,
det gode og det vonde og alle Umskifte, vil eg hugse
fram att og tenkje igjenom, og sjaa um eg finn
Lærdom og Lov og Samanheng. Men paa stille Dagar,
naar Soli er varm, sit eg ved Gravi til Far og Mor;
og til deim segjer eg alt det eg leid og lid, og skriftar
mi Synd, og trur at dei tilgjev. Og det vil synast
meg visst, at kor gali ein for og kor saart ein sveid,
so er Live alltid betre freista enn ufreista.

Og eg tenkte meg um og sagde: kva vil eg med
Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen.

Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var
faar-leg. Han gjætte meg med Augo av Eld, og han saag
alt; og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm;
og Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Natti.
Og alltid naar eg vilde vera glad maatte eg gløyme Gud.

Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all
hans Harm og Eld! Han søv; og me skal ikkje vekkje
den Dom-snare.

Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det
verste er att; men det lengste er yvi-stridt. Og Faderen
er burte; men naar Dagen lid til Kvelds gjeng eg heim
til ho Mor, til mi rette Mor: heim til Naturi.

III.

Men so tenkte eg og sukka i vakne Nætar, naar
Verken var vond og Hugen saar:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0351.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free