Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
340
DEN BURTKOMNE FADEREN
Eg priser deg, Frelsar,
du mi visse Von,
du som var og som er
og aldri kjem burt,
og alltid hev eit Rom
aat alle som kjem,
og tek imot oss som me er,
utan Vilkaar eller Krav;
du som ikkje sviktar,
som kjem naar det gjeld,
ikkje med Faktir eller Ord,
men med Hjelp,
med Hjelp som hjelper,
og med Lækjedom som lækjer,
og tagali og høg
legg di trufaste Hand
svalt yvi den saare Barm,
og døyver all Verk,
og sløkkjer all Brand,
og læt den lidande sovne so trygt,
og legg den trøytte til Kvile so godt,
at han aldri meir tarv vakne.
Stilt gjeng du gjenom Verdi,
som ein Skugge,
som ein Sukk,
som ein Tanke um Fred,
som Kvelds-von paa ein vond Dag.
Du viser deg ikkje;
ingin hev set deg.
Du hev ikkje Prestar,
som kved deg Lovsongar
og ber deg Offer
og ropar Herre! Herre!
men naar du er imillom oss,
og Rædsla bleiknar ikring deg,
og Aalvore myrknar,
av di me kjenner di Magt,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>