- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
342

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

342

DEN BURTKOMNE FADEREN

Men du saag vaar Naud,
og du sagde med deg sjølv:
eg vil hjelpe desse hjelpelause
som lid og ikkje veit
kva dei lid for.

Di priser eg deg,

du mi visse Von,

du som veit Raad,

naar alle stend raadlause;

ditt Namn trøyster meg

kvar kvidefull Stund,

og sæl vil eg helse deg naar du kjem,

med Hjelp som hjelper

og med Lækjedom som lækjer,

og svæver meg inn

som eit sjukt Barn,

og legg meg til Ro so trygt og godt,

at eg aldri meir tarv vakne.

IV.

Verdi er svikefull, men hev endaa sin Mildhug.

Etter kvart som Vonine brest fyri oss, veks Minni
til att etter oss; og det gode me hadde og ikkje visste
um, vert uppspart aat oss til Niste og Helsebot i vaar
Alderdom.

Eg vankar um Dagen paa gamle Vegar, og Minne
vaknar ved kvar Stein. Eg ser desse Haugane der
Veslegut sprang ein Gong, og der Ungsveinen drøymde
sine fyrste heite Draumar. Og smaka dei fyrste søte
og beiske Nippar av Livsens Drykk. Men det søte
heng lengst i. Og det som var beiskt hev søtna med
Aari. Ho den vesle Jaala som fyrst gav meg aa eta
av Kunnskapstrée paa godt og vondt, naar ho livnar
upp att for meg no, er ho eit mildt Minne. Og all

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0354.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free