Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
343 DEN BURTKOMNE FADEREN
min Barneangest gjeng meg gjenom Hugen som ein
døyvd og sorgfull Song. Soning legg seg yvi alt; yvi
det med, som eg minst hev Mod til aa minnast.
Eg søkjer ned i Sandane, der Have bryt; der gjeng
den same Susen med sin same djupe Tone. Men naar
Haustdagen er linn og Lufti blaa, stavrar eg upp aa
Haugen, der Varden stend; daa ser eg ut yvi heile
denne vesle Heimen som ein Gong var min; so vent
kringar han seg um den kvite Kyrkja. Og det er som
eg endaa var komen heim. Eg gløymer jamvel min
Harm yvi Bror min og Farsgarden.
Ja her er stillt. Ingin Feber i Lufti; inkje Staak
eller Gov av det store Kappsprang. Det er eit anna
Aarhundrad her. Eg kjenner stundom det eg ikkje
hev visst um paa mange Aar: det feil Ro paa meg;
eg kviler. Og eg drøymer um aa lure Dauden endaa
i nokre Aar. For me priser Dauden, men me elskar
Live.
Her er mi Sol og mi Luft; her renn mine Bekkir.
Og uppe i denne store Himilen budde min Gud.
Stundom kjennest det som han maa bu der enno. Og i
Kyrkja bur han. Det veit eg, naar eg ikkje serskilt
hugsar meg um.
Men inn i Kyrkja vaagar eg meg ikkje. Eg veit
at kom eg der inn, so kvarv han burt for meg.
V.
Heilag er den stille Bygdi; alle Vegar fører til
Kyrkja.
Og Live samlar seg der og vert vigt; og Helg og
Høgtid legg seg ut yvi Land og Leid fraa det kvite Altar
med Stakane og det heilage Staupe.
Og Klokkune signar og syng, og paa Jordi er Fred,
og Soning for Sorg og Syndir.
Men uppe i Taarne, i Myrkre utanfyri, der spøkjer
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>