Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
346
DEN BURTKOMNE FADEREN
dansa for meg og lokka meg lenger og lenger ut paa
den vide Myr. So slokna dei eitt etter eitt. No
sloknar eg sjølv, og ser at eg sjølv var ein Draum og
ein Lyktemann.
„Du er reint eismal du?" segjer Gravaren; han
røder stundom med meg no.
„Som du paa Lag, Namne."
„Ikkje Born heller?"
„Dei er kje mine lenger."
„Hm. Skal kje syte for det. So mange Born ein
hev, so mange Pinnar til Kista."
Han segjer meg si Sorg. Seks Sønir hadde han;
alle for dei fraa han. So vart han huglaus og gav
upp. Garden gjekk i Banken; no sit han der aaleine
i Husmannshytta og liver av aa grava ned Folk. Han
kann ikkje gløyme Sønine sine dette.
Eg fortel honom mitt.
„Eg hadde berre tvo, eg, og dei var smaae. Det
er ikkje sant at eg misste deim; for eg hev aldri aatt
deim. Dei vaks upp i eit framandt Land og tala eit
framandt Maal. Ja det var rart: hava Sønir som ikkje
kunde sitt Farsmaal. Kvar Gong dei opna Munnen
høyrdest det for meg som dei avsagde Far sin og
Farsfolke og alt mitt. Det er den tyngste Straff for
deim som gjer seg heimlause paa Jordi."
„Men endaa saknar du Gutane dine."
„Endaa saknar eg Gutane mine. Det er Voni, du
veit. Naar ein ikkje sjølv kom til aa liva, vil ein liva
upp att i Borni."
So sit me tvo Gamlingane paa Gravbakken og klagar
vaar Naud for kvarandre, og finn som ei Trøyst
i det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>