Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
347 DEN BURTKOMNE FADEREN
VIII.
„Aa ja, Namne," sagde eg; „no kann det snart vera
paa Tidi at du grev meg au ned.
Eg turkar og visnar. Ikkje veks eg sjølv, og ikkje
veks det noko etter meg.
Eg er som dei ville Dyri. Hola mi hev eg, og
inkje noko meir. Ingin vil sakne meg. Eg høyrer
ikkje til under noko Tak, og eig ikkje Rom i noko
Hjarta.
Det eg aatte der ute vart teki fraa meg. Men det
eg hadde her heime hev forfarest. Eg var burte og
tok ikkje Vare paa det. Vind og Væte hev øydt det;
Skot og skavande Tennar hev eti det upp. Folk hugsar
meg ikkje. Og min eigin Bror er ein framand for meg.
Heimlaus gjorde eg meg, og heimlaus vart eg. Det
kjem attum no at eg rømde min Veg, og ikkje høyrde
paa Bønine hans Far, og ikkje tenkte paa Graaten
hennar Mor; eg var som ein av Sønine dine, Gunnar.
Berre grav meg ned. Grav meg djupt ned, Gunnar."
IX.
Ein Dag etter ei vond Natt tenkte eg: um du likevel
gjekk til Kyrkja.
Skulde du finne Faderen nokon Stad, so laut det
vera der. Millom dei andre høge Barndomsminne.
Eg gjekk til Kyrkja. Og eg fann mine høge
Barndomsminne. Og miliom deim min Barndoms Gud.
Men han var berre eit Minne. Han livde ikkje.
Han var ikkje lenger i Ordi og i Teikni. Dei var
fagre som fyrr, men tome. Eg sagde med meg sjølv:
Gravøl held dei her yvi Faderen.
Og eg gjekk heim med mi siste Von sløkkt.
Daa vakna det endaa ei Von. Eg tenkte: no skal
du gange til Meistaren.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>