Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
348 DEN BURTKOMNE FADEREN
Eg tok fram Skriftine og fann Meistaren. Og eg
sagde: kva skal eg gjera at eg kann vinne Live.
Han svara: hald Lovi. Men sidan sagde han: tru.
Eg spurde: kven skal eg tru paa? Han svara: ingin
er god utan ein, det er Gud. Men sidan sagde han:
meg skal du tru paa.
Eg spurde: er daa du Gud?
Han svara: Herren vaar Gud, Herren er ein. Men
sidan: Faderen og eg er eitt; men sidan att: Faderen
er større enn eg; eg er berre den, som han udsende.
Ofte tala han herlege Ord; og stundom trudde eg
at eg saag Faderen. Men so vart Faderen Domar. Og
rædd las eg um Kongen som gjorde Bryllaup for Son
sin. Gjestir var bedne, men kom ikkje. Daa sende
Kongen Tenarar ut paa Gate og Torg og lét deim taka
inn kven som helst; for fullt skulde Huse vera. Og
Huse vart fullt. Men millom Gjestine ser Kongen ein
som ikkje er høgtidsklædd. Ng han sagde: høyr, Mann
min, korleis er du komin hit og er ikkje høgtidsklædd?"
Men Mannen tagde. Og han vart utkasta.
Eg lagde Boki fraa meg. Her er tvo Gudar, sagde
eg, og tvo Vegar til Live; og tvo Meistrar: Rabbien
fraa Nasaret og ein Mystiker fraa her eller der. Dette
fær Munkane slaast um; hald du deg til det som du
veit.
Og mi aira siste Von slokna.
X.
Faae fann eg att av gamle Kjenningar Dei fleste
var farne, süme or Bygdi, andre or Heimen.
Söttir hadde herja Grendine. Lik hadde fari paa
alle Vegar; Hus og Ættir var døydde ut. Og dei som
etter var gjekk og venta paa aa fara same Ferdi.
Dei flokka seg um Prestar og Lærarar og song og bad
og budde seg til Daude og Dom. Glade Gutar og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>