Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
349 DEN BURTKOMNE FADEREN
harde Hausar som i gamle Dagar saag eg ikkje. Alle
sukka: berre me kunde døy vel.
Eg gjekk sjølv med Dauden i Bringa; men endaa
kunde eg harmast naar eg høyrde ungt Folk sutre so.
Eg sagde: de skulde heller tenkje paa aa liva vel.
Og eg lét deim høyre mi Meining um all Raadløysa
og Armodsdomen eg saag, og nekkte deim for, at dei
gav seg yvi og lét Farsötti raa seg.
Daa saag dei paa meg fraa Sida og sagde: „du er
vel ikkje Bror hans Paal i Kvernhusheidi for inginting."
„Korleis daa?" sagde eg.
„Han tala au so høgt um aa liva vel. Men rett
som det var fekk han tids nok med aa agte sitt eigi Liv.
Og sidan hev han funni det best aa halde Munnen."
Og ein av dei eldre lagde til noko som viste meg,
at mine Ungdoms Syndir ikkje heller var gløymde.
Sidan held eg meg burte fraa Bygdefolke. Men eg
tenkjer med meg: her er ein sjuk Mann i sitt rette
Lag; for her vil dei døy alle.
XI.
Men Bror min gjev meg mykje aa tenkje paa.
Han kom ein Dag fegin og fjaag og baud seg til,
at um eg vilde kaupe att Hove, Farsgarden vaar, so
skulde han vera Dreng hjaa meg og drive Garden for
meg. „For eg au lengtar heim att," sagde han og
smilte, „helst paa Vaarkanten som no."
Eg saag paa han: „det skulde du ha tenkt paa fyrr,"
svara eg. Og han fekk endaa ein Gong høyre mi
Hjartans Meining.
„Det er ikkje for det," sagde han; „eg kann godt
sitja i Kvernhusheidi. Men i Natt kom det for meg,
at naar du er send heim paa denne Maaten, so maa
det vera Meiningi at eg skal faa koma til Hove att.
Og naar eg fekk vera Dreng, var det ingin Vaagnad
i det."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>