Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 355
Men paa myrke Loft og under morkne Golv gnég
det med Tonn og tassar med Labb; eg høyrer Sukking
og Brest og døyvd Smell, og kann kje skilja klaart
millom Draum og Sanning.
Men naar eg ligg soleis aaleine, og ingin vakjer, og
Vanvit lurer, og Hjarta i Bringa flaksar av Angest som
Fugl i Bur og vil ut, ut, men alt er stengt,
daa sit det nede ved Sengjefoten ein kvit Mann; og
det stend Rædsle av den kvite Mannen.
Eg veit kven det er, at det er min Vén og mi Von.
Men naar han kjem meg so nære, geispar eg og vert
stiv; og Kaldsveiten slær ut og legg seg yvi Hudi
som Mygl.
XVI.
Mange leitar etter Gud i denne Tid; og süme skriv
og fortel at dei hev funni Gud. Eg les dette.
Men den eine kann ikkje hjelpe den andre i den
Sak. Og det gjeng for lett for deim. Og dei skriv
for godt. Og skriv. Me trur so lite paa Ord. Og
alt som blæs paa Lur hev me Uhug til. Bror min
hev Rett; Gjerningar maa tala.
Men ikkje paa Gjerningar heller trur me. Bror min
hev gjort Gjerningar. Men Folk gjeng og berre undrast
paa kva som under kann liggje, og kva han med desse
sine Gjerningar vil naa. Live sitt maatte den gjeva
som me skulde tru; og ikkje daa heller trudde me, so
sant det var Tanke um, at Offere hans kunde koma
i Bladi.
Live maatte han gjeva, men so, at ingin visste det;
ja han sjølv maatte kje vita at han gjorde noko
fram-ifraa. I Løynd maatte han bløde, med Skjemt paa
Tunge og Smil um Munn; og sitt Haar maatte han
salve, og sitt Andlit maatte han tvaa, so ingin saag
at han blødde, men alle rengde Augo etter Galningen
og sagde: den som kunde taka Verdi so lett.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>