- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
361

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

DEN BURTKOMNE FADEREN 361

alt havt fleire Stykke, baade med og mot; for vaart
Princip var: fri Diskussion; ja Herr Hove hadde vel
set det?

Bror min svara at han var ikkje Herr Hove, men
Paal i Kvernhusheidi, og at han ikkje las Bladi.

„De hev daa kje noko mot Bladi?" spurde
Bladmannen.

„Jau," svara Paal. „Tek eg eit Blad i Hand, er
det som eg kom inn i ei Drykkjestogu. Kvar skravlar
um sitt; sume skjellest og slæst, andre gjøner og lær,
andre fortel Sogur og Slarv og fører Mistankar og
vonde Ord; og Handlarar og Bondefangarar skryter og
snyter. Eg skundar meg ut fraa alt det Staak og den
tette Luft; eg vert tanketom av det og urein paa Sjæli."

Blidt forsvara den framande Bladi og serleg „Luren".
„Og som sagt: „Luren" interesserar seg mykje for
Dykk."

„Men eg interesserar meg ikkje for „Luren"."

„De interesserar Dykk kanskje meir for „Posten"?"

„„Posten" hev eg kasta ut fyrr."

„Men „Luren" arbeider daa i same Leid som De:
for Smaafolk og dei som lid Urett, og serleg for
Arbeidaren. Det er sant: kva segjer De um Streiken
der inne no?"

„Vil Arbeidaren heller svelte og streike i Byen enn
liva smaatt og strævsamt paa Lande, so lyt han faa
det som han vil. Var det elles noko?"

Bladmannen smilte brydd og reis upp.

„Det nyttar vel ikkje; det var nokre Spursmaal um
det Livssyn De forkynner; for vaart Princip er fri
Diskussion; alle Meiningar fram, so Folk sjølve kann
velja. Men som sagt —."

„Alle Meiningar, ja. Fri Diskussion. Mot og med.
Største Assortement i Meiningar og Livssyn. Usæle
de Bladfolk, som interesserar Dykk for alt og rører
ihop alt, og gjev oss tri Livssyn for Dagen og tie
Lygnir og tjuge Hende og Uhende, men tek Ettertanken

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0373.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free