Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
364
DEN BURTKOA1NE FADEREN
XXII.
„Hjelpe dei fatige er aa alaupp Dagdrivarar," segjereg.
„Nei," svarar han; „ikkje naar eg hjelper deim med
mitt eigi Arbeid.
Dagdrivarar avlar Dagdrivarar; og Fanten élst i
Rikdom som Makk i eit Aat. So lengi ser dei smaae paa
dei store til dei tenkjer: me vil liva godt med lite Stræv;
men den som arbeider, lærer andre aa arbeide."
„Med arbeide ditt rekk du knapt meir enn hjelpe
deg sjølv," meiner eg. Han smiler.
„Du veit kje kor lite ein treng. Ingin veit det no,
etter dei tok til aa liva for Pengar. Men det er
Daar-skapen som kostar, meir enn Maten."
Eg talar um Samfunde. Sjølve Samfunde krev at
kvar tenkjer paa seg, og paa Alderdom og Etterkjømd.
Han svarar:
„Den Allemanns Krig mot alle som du kallar
Samfund, kjem meg so lite ved. Eg gjev Keisaren det
som hans er; og gjeld det aa ofre, um so Liv og Blod,
er Jesu Svein Fyrstemann; men det rette Samfund vil
byggjast paa Samstræv og Fred, og ikkje paa Ufred.
Og den som vil bøte Samfunde byrjar med seg sjølv."
Og han fortel meg, at den rette Maaten aa syte for
sin Alderdom paa, det er aa hjelpe andre. For kjem
daa den Dagen at ein sjølv treng, so læt ein dei andre
faa hjelpe seg; „og det er den einaste Gleda ein daa
kann gjera sine Medmenneskje."
Eg maa læ. „Du høyrer kje heime i denne Tid,"
segjer eg.
„Nei Gudskjelov," svarar Bror min.
XXIII.
At Live er Sol-kraft, Sol-eld, skynar eg um Natti.
Naar Soli er burte sloknar me.
Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Hel-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>