Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 365
synir og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara
som rid. Og Hél-skodde legg seg um halvsløkkte Augo.
Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræane.
Vonde Minne sit inne i Skuggen, halvløynde, med
grøne Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre
som Vite med Ørska.
— -— Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg livde etter
Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta
det andre.
Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at
dei skal nære kvarandre og løyse seg upp i kvarandre;
og er ikkje Live til for at det skal vera denne breide
Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av
skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av
alltid det same som er Æveheimen ?
For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét
det andre og sidan vert upp-eti sjølv. Kvar gjøder seg
til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med’ eg
kunde, og vart so sjølv etin; og naar Tidi kjem, læt
eg meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til
Slutt er det vaare Undermennar som ét oss.
Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so
vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb, og melta og
sund-skild, og uppsögin paa nytt i Livsens Blodstraum;
kvi skjelv eg daa?
Den Blodstraumen er det ævelege Liv.
XXIV.
Eg sagde med meg sjølv: dette Live hev dei nøydt
paa deg; du skylder ingin noko for det; gjer deg den
Hugnad av det som du kann, og lat det so fara.
No, daa eg hev gjort meg min Hugnad av det, kann
eg ikkje lata det fara.
Det er utsliti og inkje tess. Det er ei Møde og ei
Tyngd, og eg orkar knapt bera det. Men daa eg ei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>