Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
372
DEN BURTKOA1NE FADEREN
for all den Eim av Blod,
og all den Os av ule Tankar;
og du drog deg burt,
og gav Verdi fraa deg?
Sandeleg,
eg er ikkje den burtkomne Son;
men du er ein burtkomin Får;
og ingin vaagar lenger aa vente deg att;
men av alle dine smaae er du saart sakna.
Men du er.
Eg kjenner deg.
Du er Lovi,
Livslovi,
den ubrigdelege,
i Gaar, i Dag,
i alle Ævur den same.
Du er ikkje mild,
du er ikkje harm;
du er det nakne Fjell,
kald, høg, bratt;
og du ser ikkje,
og høyrer ikkje;
og ditt Hjarta er Malm;
og der er Is um ditt Hovud.
Difor er eg dømd.
Og der er ikkje Raad.
Der er ingin aa rope til,
og ingin som kann gjeva meg ei Hand,
naar Stundi kjem,
og Svarte-djuve læt upp sin Svelg
og gaper.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>