Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 375
du vilde sjaa kvasst paa meg
og segja: høyr min gode Mann,
kor vaagar du deg hit
og er ikkje høgtidsklædd.
Og eg torde visst ikkje svara.
Ein Gud?
Kva skal me med Gud?
Fordøme oss
kann me sjølve.
Men ein Menneskjeson,
som kjende oss,
og visste alt,
og hadde det lækjande Ord,
og Hjelp
der dei andre berre hev Domar
og kalde Augo;
ein Menneskjeson — —
Aa, at du ikkje lenger er paa Jordi.
XXXII.
Gamlingen nede gjeng tuslar og skal døy. Og Bror
min kjem stundom og les for han.
So lyder han gjerne innum meg. Hev han daa ei
Stund, so sét han seg ned og røder med meg um laust
og fast. Og eg høyrer etter og fylgjer med, um eg
skulde kunna finne noko gali hjaa han.
Men eg finn ikkje noko.
Vondt er der ikkje i han, so langt som mi Sokn
naar. Og rekne kann han ikkje. Han er lite sløg.
Eg trur kje paa lange Utrekningar under hans rare
Paafund.
Og ikkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>