Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
376 DEN BURTKOA1NE FADEREN
ingin Kaldhjelm av han, og ingin Utokke. Han hev
eit godt Fylgje med seg; eg vert rolegare naar han
kjem. Og eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje
Ov-ekse eller Mislynde. Heller noko avdøyvt og stilt,
som etter Sorg og tung Røynsle. Og han hev røynt
mykje. Og misst mykje.
Men seint vert eg trygg. For der er mange Merke
paa Vitløyse, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So
at knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggje
lam berre med aa segja høgt: han er galin.
Eg sagde til Bror min: „no skal du segja meg den
rette Grunnen til at du gav burt Eigedomen din."
Han smilte og svara: „Du trur meg ikkje. Men
eg maatte. Verdi hadde Tåk i meg. Eg fekk Magt.
Det sanka seg Mengd um meg; og Vénine mine raadde
snart Bygdi. Og eg kjende at eg lika dette. Daa
vakna eg og saag meg ikring. Og eg saag at det
spøkte for meg. Eg reiv meg daa laus. Men eg var
fjamsin og uppskræmd og fann kje den rette Maaten."
„Vedgjeng du det, Paal?"
„Den vinstre Hand skal kje vita kva den høgre
gjer; men dette vart der Staak av. Det kom ut yvi
alle Bygdir; eg vart til ei Bisn; og det eg hadde gjort
vart rangtydt og gjorde vondt. Sjølve Gaava mi hev
gjort vondt."
„Segjer du det."
„Pengar gjer alltid vondt. Gaava og Gjevaren maa
ikkje skiljast. Kassehjelp gjer Fatigmann til Herk, det
same korleis ein steller seg. Gaava mi vart til ei
Kasse; og dei som fekk Hjelp tok Hjelpi som ein Rett
og knurra for dei ikkje fekk meir; men dei som ikkje
fekk, hata og harma seg. Og ikkje Kjærleike men
Ovund grodde etter Gaava."
Han var vortin aalvorsam. Men so smilte han.
„Alltid paa nytt maa ein lære og lære. Av kvart
Mistak veks det Visdom; og av Syndine sine maa ein
byggje seg Troppestig; for det er høgt upp."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>