Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN
379
i Ro. Ein gamall Sol-Draum drog deg; du maatte upp
og ut og leite og sjaa. Heil Hugnad vilde du hava;
og du søkte vidt og for høgt og laagt. Men altid
stengde Skyir og Fjell; og Haukar og hakkande Kløar
var etter deg.
Ikkje skjelv. Ikkje ver rædd. Eg var vond med
deg; eg tenkte for lite paa deg; no ligg du der brotin
og arm, og hev misst Vengfjørine. Men kvil deg no.
Den Soli du drøymde um dreg deg vel til seg ein
Gong; um ikkje fyrr, so i dine siste Draumar.
XXXV.
Bror min segjer til meg: „du synest ikkje vera
fornøgd med Live ditt."
Eg svarar: „Mykje hev eg kje att for det."
„Var det noko du hadde tenkt aa vinne?"
„Eg vilde vinne Rikdom."
„Kva vilde du med Rikdom?"
„Rikdom er Magt."
„Kva vilde du med Magt?"
„Magti raar."
„Kvi vilde du raa?"
„Daa fyrst er ein fri og kann njote Live."
Han lo. „Njote Live er aa øyde det upp. Det hev
du gjort, Bror min. Kvi syter du daa? Noko meir
Moro, noko mindre Moro, det vert det same til Slutt.
Facit er Null i alle Tilfelle."
„Ein fær ikkje Ro til aa liva," knurrar eg. „Det
gjeng upp i Mas. Livsraadi maa ein vinne, so ein
kann vera trygg; av Live fær ein berre ein Jafs so i
Millomstundir. Og naar Livsraadi er vunni, so er
Livskrafti øydd."
„Menneskje hev gløymt aa liva," segjer han. „Live
skulde vera Kunst, men hev vorti Handel. Dei set
sitt Livs Meining ikkje i Arbeide, men i det dei kann
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>