Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
380 DEN BURTKOA1NE FADEREN
faa for Arbeide; og Livskunsten er aa snyte til seg
den største Vinning for det minste Vederlag. Og Live
vert ikkje Skaparglede og Arbeidsro, men eit endelaust
Jag; for Livsmeining og Sjælefred kann ein korkje
kaupe eller snyte seg til; og alt det ein vinn vert for
lite. Og i Staden for Lykke lyt dei nøgje seg med
Moro.
Men Livskjensla hadde du, Bror. Denne tirande
Gneisten som ligg oss i Barmen og gløder i Sorg
som i Glede og fyller kvar Stund av vaart Liv med
sin stille Fest, den hadde du. Og den var deg Like
for alt, so at um du hadde det aldri so vondt, so vilde
du endaa liva. For um Live er oss Liding eller Lyst,
so vert det ein litin Ting mot sjølve Livskjensla.
Difor skal du vera fornøgd med det du hev havt
og enno hev; for endaa naar du er sjuk vil du liva.
Njote Live var ditt Livsmaal, og det hev du gjort.
Og den som nyt Live skal ikkje samstundes vente
noko att for det. Du er Bonde og veit, at det vert
ikkje Smør av uppdrukkin Rjome."
XXXVI.
„Meistaren hev sine Sveinar i alle Kyrkjur og
Kyrkje-lag, men er ikkje allstad like lett aa finne. Her hjaa
oss er det ikkje best. Det er lettare for Kamelen aa
gaa gjenom Naaleauga enn det er for ein rett
Luther-mann aa sleppe gjenom Paulus fram ti! Meistaren.
Trui er god, naar ho er ei Trygd i meg sjølv og
eit Ljos som eg treng og ei Kvild for mine Tankar;
og ein god Filosofi er ein stor Ting. Men korkje i
Teologi eller Filosofi vert du spurd naar Domen stend;
og ingin hev lova oss Løn for vaar Lutherdom; men
eitt er visst: at eg er dømd um eg dømer andre.
Meistaren lét roleg Farisæar tru og Sadusæar neite
Uppstödo; og han sagde ingin Ting til Romarhovdingen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>