Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DEN BURTKOMNE FADEREN 381
som trudde paa Jupiter, eller til Pilatus som trudde
paa inkje-noko; og i det han sagde til Kananæakvinna
var det ikkje so mykje som eit Spursmaal um ho
trudde paa Molok eller Astarte. Til alle vaare kloke
Meiningar hev Vaarherre knapt anna enn ein Smil."
XXXVII.
Eg segjer: „Kann du kje med Grunnar lære meg
Gud og eit anna Liv?"
Han svarar: „Du veit kva den skeptiske Filosofi
segjer, den gamle Visdom som alltid vert ny: Tanken
kann skilja sund og løyse upp; berre Live kann byggje
og skapa. Alt vert med Grunnar rivi som med
Grunnar er bygt. Skal du liva paa noko, maa du liva deg
til det."
„Alt me elles veit er bygt paa Grunnar."
„Alt me elles veit er bygt paa Røynsle; og endaa
berre trur me det.
Du kjenner dei vise? Det er tvo Kunnskapsvegar,
Tanken og Røynsla; dei er baae gode; ingin av deim
fører fram. Klaart viser dei tenkjande oss at Røynsla
sviv i Lufti; klaart viser dei røynande oss at Tanken
driv i Skyine; alle vedgjeng at Vissa ikkje er aa naa.
Og den skeptiske Visdom vert alltid ny: inkje er sant;
alt hev Rett so langt som det tenar Live."
„Den Vissa eg hev um Gravitasjonen er eg nøgd
med."
„Eg au. Men kva Grunnar hev du for
Gravitasjonen? Me trur paa det som me røyner oss til."
Me talar meir um Vitskap; og han segjer:
„Me maa vita alt. Heile denne Verdi maa me
røyne ut, og oss sjølve med; og me maa vita kva det
er me kallar Live.
Kann hende er me som Borni, som riv sund
Lei-kune sine og vil sjaa kva som inni er; og naar dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>